- This event has passed.
Informasjonsutveksling som ei føremålsovertreding. Bokdatabase-saka under lupa.
March 21, 12:30 - 14:00
BECCLE inviterer til seminar om Bokdatabase-saka, og korleis saka er med på å klarleggje grensene for når informasjonsutveksling om pris utgjer ei føremålsovertreding etter konkurranselova § 10. Sentralt i denne saka var spørsmålet om det dreia seg om informasjon om framtidige eller noverande prisar, og tilgjengelegheita av denne informasjonen.
Innleggshaldarar er:
Juridisk direktør hos Konkurransetilsynet, Karin Stakkestad Laastad,
og
Partnar i Wikborg Rein, Preben Milde Thorbjørnsen.
Etter innlegga blir det høve til å stille faglege spørsmål og diskusjon.