
Mot ein sterkare offentlegrettsleg administrativ handheving av konkurransereglane
October 26, 09:30 - 12:30
Innanfor konkurranseretten har det dei siste åra skjedd ei tildeling og forskyving av makt til administrative konkurransestyresmakter både overnasjonalt og nasjonalt i Europa. Gjennom ECN+ direktivet har den offentlege desentraliserte handhevinga i det administrative sporet blitt styrka, og gjennom regelverk slik som DMA har Kommisjonen utvida si sentraliserte handhevingsmyndigheit av digitale teneste. I Noreg er ingen av desse regelverka implementerte endå, men vi ser dei same tendensane gjennom debattane som går i desse dagar om blant anna handhevingsverktøy som marknadsetterforsking og personstraff.
Medan marknadsetterforskingsverktøyet gir Konkurransetilsynet vid myndigheit til å gripe inn i marknader utan at konkurranseforboda er brotne og sånn sett søkjer å rettleie marknader før konkurransesituasjonen forverrast, utgjer personstraff ein meir klassisk sanksjon som kjem inn etter at eit av forboda er brotne både for å straffe dei som har gjort urett og avskrekke andre frå å gjere same økonomiske kriminalitet. Gjennomgåande for desse regelverka er at forvaltninga inntek rollar som tradisjonelt ligg til påtalestyresmakter og domstolsapparatet. Dette reiser ei rekkje prinsipielle spørsmål om maktbalanse, kontrollmekanismar og retten til rettferdig rettargang, og kan få konsekvensar både for rettsutvikling, rettsavklaring og rettsvisse.
Innleggshaldarar er
- Professor Jon Petter Rui, juridisk fakultet UiB
- Tina Søreide, Konkurransedirektør
- Elin Moen, partner i BAHR
- Vibeke Andersen, avdelingsdirektør for konkurransepolitikk og næringsøkonomi i Nærings- og fiskeridepartementet