Delingsøkonomiutvalet, foreslår at delingsplattformer som Uber, Airbnb og andre bør underleggjast ein generell rapporteringsplikt til skattemyndigheitene, og eit fleirtal foreslår ei forenkla skattehandsaming av småinntekter frå tjenester i delingsøkonomien. BECCLEs Professor Tommy Staahl Gabrielsen har leia utvalet, som i tillegg foreslår ei endra regulering av taximarknaden som mogleggjer etablering av delingskøyring.
«Rettstilstanden på området er uavklart, noko som er uhaldbart både for kundar og tilbydarar»
Gabrielsen underviser i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen, og er i tillegg leiar for Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE). Han har leia arbeidet med å vurdere moglegheiter og utfordringar med delingsøkonomien, som gir blant anna privatpersonar høve til å tene pengar på privat tenesteyting og utleie. Eksempel på slike teneste er transportportalane Uber, Lyft og Haxi, og overnattingsselskapet AirBnB. Det er i dag for eksempel uavklart om selskap som Uber og Haxi faktisk er lovlege i Norge eller ikkje.«Rettstilstanden på området er uavklart, noko som er uhaldbart både for kundar og tilbydarar», seier Gabrielsen.
Fleirtalet i utvalet meiner at reguleringar i persontransportmarknaden hindrar aktørar med andre forretningsmodellar i å etablere seg. Dette hindrar konkurransen og påfører samfunnet eit tap. «Difor foreslår vi å oppheve løyvekravet og den tilhøyrande behovsprøvinga for å drive persontransport mot vederlag. Vi foreslår nye reguleringar som kan ivareta kundenes behov for sikkerhet og prisinformasjon, samt at inntektene blir rapportert til skattemyndighetene», Seier Gabrielsen
Bør betale skatt
Utvalet meiner også at skattereglene for inntekter frå delingsøkonomien kan framstå som uklare og kompliserte, og at skattemyndigheitene si kontroll med inntektene bør styrkast. Utvalet foreslår difor at formidlingsportalane bør påleggast ei obligatorisk rapporteringsplikt om tilbydarane sine inntekter frå delingsaktiviteter.
Utvalet meiner at skattemyndighetene må tydeliggjøre grensene mellom verksemd og skattefrie hobbyinntekter, og foreslår ein forenkla skattehandsaming av småinntekter frå delingstjenester, som for eksempel delingskjøring. Fleirtalet foreslår også ein utvida skatteplikt for småskala korttidsutleie av eigen bustad.
«Korttidsutleige av eigen bustad kan involvere mykje arbeidsinnsats i form av tilrettelegging, og fleirtalet meiner at fortsatt skattefritak for denne type utleie vil kunne skape vridingar i arbeidsmarknaden som er uheldige for samfunnet», seier Gabrielsen.
Originally published on www.uib.no